Valle Modellverksted
Velkomen til Valle Modellverksted.
Valle Modellverksted vart etablert i 1975 av Kristiansands Jernstøperi, med produksjon av modeller for metallstøyperi som kjerneverksemd.
I dag er verksemda ei avdeling av Rysstad Laftebygg AS. Me har fortsatt god fagkompetanse på modellbygging og kan levere på bestilling.
Me har eit stort utval i mindre bygg i stavlaft og tradisjonell handlaft. Vi kan levere etter mål. Me bruker norsk råvare i våre treprodukt, der det meste er frå skogen i Agder, foredla på Rysstad Laftebygg AS.
Me har og eit godt utval i utemøblar, både til hagen, rasteplassen eller møteplassen der du bor.
Me produserer produkt i glasfiber og plast. Badestamper med komplette løysingar, og skoterkassen som er ei ramme i glassfiber som kan monterast på skotersleden, med sete og presenning.
Dei fleste av våre produkt kan leverast etter mål. Ta kontakt, så finn me løysingane saman!